Uansett kva slags situasjon du er i, skal du vita at rådgivarane våre alltid er tilgjengelege for ein prat. Kanskje passar det òg no å ta ein ordentleg gjennomgang av privatøkonomien din? Her er 5 tips som gjer at pengane rekk lenger – på kort og lang sikt:

  1. Sjå over inntekter og utgifter. Gå i nettbanken og sjå på transaksjonane for dei siste 3 månadene. Set opp ei oversikt over dei faste inntektene og utgiftene du har, og kva for kostnader som varierer frå månad til månad         
  2. Det finst mange fine budsjettverktøy på nettet. Bruk gjerne SIFO sitt referansebudsjett for å sjå alminnelege forbruksutgifter for ulike typar hushald.

  1. Set av pengar til faste utgifter Det er smart å setja av eit fast beløp kvar månad til rekningane, hugs òg på dei som ikkje kjem fast kvar månad. Mange overfører eit fast beløp til ein rekningskonto, og nyttar avtalegiro – så går dette av seg sjølv.

  1. Betal ned gjeld viss du kan Prioriter dyre lån og det du har brukt på kredittkortet. Kredittkort har ofte rentefrie dagar, men ventar du lengre enn fristen kan det koma på høge renter.  

  1. Tenk over kva for kostnader du kan kutta. Kva ønskjer du å prioritera nett no og i tida framover? Treng du alle abonnementa? Handlar du på sal? Kjøper du kaffi ute, eller vil du heller setja av desse pengane litt til ferie? Treng du den nye skjorta, eller held det du har i klesskapet litt til?
  1. Byrja å spare. Du kan godt byrja med så lite som hundre kroner kvar månad, det viktigaste er å koma i gang.

Tipset vårt er òg å laga seg ei bufferkonto i banken til uventa utgifter. Eit anna godt tips er å setja av pengar til noko heilt konkret på ønskjelista. Det kan vera ein ferie, ein robot-støvsugar, nye solbriller, sportsutstyr eller anna du vil kjøpa dei neste 1-2 åra. Då er det fint å setja pengane i ein sparekonto i banken.

Og du, viss du har andre spørsmål om økonomi, sparing eller lån – ta kontakt med oss i banken! Dei dyktige rådgivarane våre går gjerne gjennom økonomien din, uansett om du bur åleine eller har fleire i husstanden.

Kontakt oss her