Vi er ved di side i denne krevjande tida, og jobbar saman med deg for å finne løysingar som kan redda di bedrift, ditt livsverk eller din arbeidsplass.
Her finn du informasjon om sentrale tiltak frå styresmaktene.
 

Tiltak 1 - Statsgaranterte lån

Regjeringa har innført ein statsgaranti på 90 prosent for nye lån til små- og mellomstore bedrifter (SMB) som er ramma av korona-epidemien. Ordninga har ei ramme på 50 milliardar og skal bidra til at levedyktige bedrifter kan få tilgang til likviditet når dei blir ramma av tiltak som skal hindra smittespreiing. Ordninga blir forvalta og administrert av bankane i Norge.
 
Styresmaktene har stilt fleire krav til bedrifter som kan søkje om statsgaranterte likviditetslån;
 

Kven kan søkje?

Ordninga gjeld for bedrifter:
 
  • Med færre enn 250 tilsette
  • Med omsetjing mindre enn MNOK 492.555
  • Med ein samla balanse som ikkje overstig MNOK 423.597
Ordninga stillar krav om at bedrifta skal vera lønsam under normale marknadsforhold og levedyktig på sikt. Eigenkapitalen i bedrifta må ha vore positiv ved utgangen av 2019 og vise til positivt resultat før smitteverntiltak blei innført i Norge.  

Kor mykje kan bedrifta mi søkje om?

Samla likviditetslån til kvar bedrift kan ikkje overstige:  
  • Meir enn to gonger bedrifta sine lønskostnader i 2019
  • 25 % av bedrifta si omsetjing i 2019
  • Bedrifta sitt estimerte likviditetsbehov som følgje av Korona-epidemien
  • 50 millionar kroner

Kva er nedbetalingstida og kva for vilkår gjeld?

Nedbetalingstida er maksimalt 3 år, og gjeld berre nye lån som blir innvilga i perioden 27. mars - 1. juni 2020.  
  • Likviditetslånet kan ikkje nyttast til refinansiering eller innfriing av eksisterande lån
  • Bedrifta må betale ein garantiprovisjon til staten på 0,5 prosent av garantien staten stiller til lånet
  • Bedrifta har i utgangspunktet ikkje høve til å ta ut utbyte i låneperioden
  • Bedrifter som får kontantstønad er ikkje forhindra frå å få statsgaranterte likviditetslån

Korleis kan eg søkje om likviditetslån garantert frå staten?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg med søknaden  

Bruk gjerne denne malen til likviditetsbudjett (xlsx) som vedlegg i søknaden dersom du ikkje har eit anna oppsett for budsjett

 

Tiltak 2 - Kontantstønadsordning

Styresmaktene har varsla ei kontantstønadordning til bedrifter som er ramma av korona-epidemien. Ordninga vil fungere slik at staten dekkjer ein del av dei faste kostnadene for dei bedriftene som direkte eller indirekte har omfattande nedgang i inntektene som følgje av smittevernstiltaka. 

Du som kunde har naturleg nok mange spørsmål knytt til den varsla kontantstønadordninga. Ordninga blei vedteken i Stortinget 7. april, men den vil fyrst bli operativ etter endeleg behandling i Stortinget 14. april og notifisering i ESA Forutsett dei nødvendige formelle vedtaka, vil ordninga etter planen vere operativ og kunne ta i mot og behandle søknader frå og med 17. april, med automatisert utbetaling til søkjarar som får søknaden godkjent.

For å hjelpe til å dekkje noko av informasjonsbehovet om ordninga, er portalsida for ordninga no opna. Dette er den autoritative kjelda for kva ein veit om ordninga inntil den er operativ og kan ta imot søknader.

Adressa til ordninga si portalside er www.kompensasjonsordning.no

Under har vi summert det som er kjent om ordninga. For ytterlegare og meir utfyllande informasjon ber vi deg gå inn på lenka over. Her vil det løpande bli lagt ut svar på kjende og relevante spørsmål frå næringslivet.

 

Kva for bedrifter vil få stønad?

Ordninga vil gjelde for alle skattepliktige bedrifter registrert i Noreg. Bedrifter som opplever eit fall i inntekter på meir enn 30 prosent i månadene april og mai (20 prosent i mars) kan søkje om stønad gjennom ordninga. Berekning av fall i inntekter vil ta utgangspunkt i selskapa sine eigenrapporterte tal for omsetjing i mars månad 2020 samanlikna med omsetjing i mars månad 2019. Dersom bedrifta ikkje var i drift i 2019, skal ein leggje til grunn eit gjennomsnitt av omsetjinga for januar og februar 2020. 

 

Kva kan bedrifta ta i mot stønad for?

Bedriftene vil bli kompenserte for uunngåelege faste kostnader, dette kan vere:

  • Husleige (lokale)
  • Straum (lys og varme)
  • Vatn og avløp
  • Forsikringar
  • Leige av utstyr og transportmiddel (leasing)
  • Rentekostnader minus renteinntekter

Kor mykje kan bedrifta mi få i stønad?

Ordninga skil mellom bedriftene som måtte stengje etter pålegg frå staten og dei som ikkje har slike pålegg. 

  • Bedrifter som har mått stengje som følgje av smitteverntiltak frå styresmaktene vil kunne få dekt 90 prosent av faste kostnader.
  • Bedrifter som har mist minst 30 prosent av omsetninga (minst 20 prosent i mars) vil få dekka inntil 80 prosent av faste kostnader. Det er ein eigendel på 10.000 kr. Stønaden bereknast etter følgjande formel: (Omsetningsfall i % * (uunngåeleg faste kostnader - 10.000 kr)) * 80%.

 

Kva er lengda for stønadsordninga?

Ordninga skal i fyrste omgang gjelde for månadene mars, april og mai. Fyrste utbetaling skal skje så raskt som mogeleg i april, og bereknast ut ifrå oppgitte tal for mars.

 

Korleis kan eg søkje om kontantstønad frå staten?

Du kan søkje stønad gjennom www.kompensasjonsordning.no (open for søknad frå 17. april). Via portalen vil søknadsbehandlinga i stor grad vere automatisk og basert på tilgjengelege registerdata. På denne måten kan pengane bli utbetalte så snart som mogeleg. Det vil krevjast erklæring frå revisor eller autorisert rekneskapsførar til søknaden.

Alle som søkjer kompensasjon må kunne dokumentere tala på eit seinare tidspunkt ved attest frå revisor eller autorisert rekneskapsførar. Kontroll av rapporterte tal vil gjennomførast i etterkant.