Nokre gonger er det både nødvendig og fornuftig å ta opp forbrukslån – til dømes når vaskemaskinen streikar eller du vil pusse opp badet. Problemet oppstår når du ikkje klarar å betale ned raskt nok, og eitt forbrukslån blir til fleire.

Dyrt og uoversiktleg
Har du høge renter og «raske pengar» fra fleire långivarar, kan det fort bli både dyrt og uoversiktleg. Då skal du vite at du alltid kan komme til oss for ein rådgivingssamtale – der vi saman finn ei løysing på utfordringane. Frå 15. juni kan vi òg refinansiere smålåna dine og samle dei i eitt einskilt lån hos oss.

Det er to hovudgrunnar til at du bør refinansiere forbrukslån:
1. Få betre oversyn. Det er ikkje alltid like greitt med 3-4 ulike långivarar, forfallsdatoar spreidde over heile månaden, og lånesummar og renter av ulike storleikar. Med alt samla hos oss har du: Éin dato, éin sum og éin bank å forhalde deg til. Det gjer det enklare å planleggje kvardagen og ha kontroll på økonomien. Om du har spørsmål, er det kanskje også lettare å snakke med oss i lokalbanken enn ein långiver du ikkje har noko tilhøve til?

2. Spar penger. Ikkje berre får du éi rente å forhalde deg til, ho er også ei av dei lågaste i marknaden. Lågare terminkostnader og gebyr bidrar også til at dei månadlege utgiftene går ned. Dessutan står du friare til å velje kor raskt du vil betale ned lånet.