Har du pengar til overs kvar månad, og er usikker på korleis du skal bruka dei? Det er du ikkje åleine om. Vi har spurt investeringsdirektør Stig Erik Brekke om korleis du best kan ta hand om sparepengane.

- Ikkje la pengane stå i den «vanlege» bankkontoen din. Det gir deg låg avkastning over tid, seier Brekke og rår deg heller til å bruka overskotet ditt på denne måten, i prioritert rekkjefølgje:


1. Betal ned dyre lån

- Forbrukslån og kredittkortgjeld bør betalast ned så raskt som mogleg. Betal ned gjelda med høgast rente først, deretter den med nest høgast rente, og så vidare, tipsar Brekke.

Kva med billånet?
- Viss du har eit billån som skal betalast over relativt kort tid, og renta ikkje er altfor høg, er det ofte smartare å spara pengane i eit langsiktig fond. Dersom billånet er stort og kostbart, bør du betala det slik at du er komfortabel med det månadlege beløpet, seier han og tek oss med til neste punkt.


2. Syt for å ha kontroll på huslånet

Eig du eigen bustad eller hytte og har høgt lån? Då er rådet klart.

- Betal på lånet slik at eigenkapitalen kjem ned på eit komfortabelt nivå, men ikkje nødvendigvis meir enn det, seier Brekke.

Lånerenta er låg, så det er ikkje nødvendig å betala ned lånet raskare enn planen. Om du har pengar til overs etter at faste utgifter og gjeld er betalt, finst det betre måtar å investera dei på.


3. Skaff deg ein økonomisk buffer

- Kva skjer om vaskemaskina streikar, bilen må reparerast eller det dukkar opp andre uventa utgifter? Ved å ha ein liten bufferkonto, som gjerne svarar til to månaders lønn, slepp du å ta opp dyre lån om uhellet er ute.


4. Spar langsiktig – i fond

- Dei siste tjue åra har den gjennomsnittlege avkastninga i den norske aksjemarknaden vore på kring 8,9 prosent. I den same perioden har innskotsrenta for privatpersonar vore 2,7 prosent (Kjelde: SSB).

Kva skjer når marknaden svingar?
- Svingingar i økonomien er heilt naturleg, og på sikt vil du som sparar i fond sitja att med meir enn ein som set pengane inn på konto. Hjå oss i Eika står omgrepet «Ved di side» sterkt, og du kan alltid ta kontakt med rådgivaren din om du har spørsmål eller ønskjer tips om kva som lønner seg for nett deg, avsluttar Stig Erik Brekke.


Langsiktig sparing: Smarte tips

  • Finn ut kva du får i pensjon frå jobben   
    2 prosent er vanleg, noko som ikkje rekk langt den dagen du sluttar å jobba. Dette er noko du kan ta opp i lønnsforhandlingar. Det er òg viktig å ta ansvar for si eiga pensjonsutbetaling gjennom private spareavtaler. Start tidleg med gode sparevanar til eigen pensjon, i tillegg til det du får gjennom arbeidsgivar. Set av 300 kroner i månaden frå du er 30, så slepp du kanskje å setja av 3000 i månaden når du blir 50.
  • Behald studielånet  
    Studielånet gir deg rentefritak om du har låg inntekt, blir arbeidslaus eller sjuk, og er derfor lånet du bør betala ned sist.
  • Lønnsauke = Spareauke
    Det er typisk at forbruket følgjer lønna, men slik treng det jo ikkje å vera?
  • Last ned Smartspar-appen 
    Full kontroll over sparing og opptent pensjon. Spar smart i fond – sjølv utan forkunnskapar. Les meir.

Historisk avkastning er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning kjem mellom anna an på marknadsutviklinga, kor dugande forvaltaren er, fondet sin risikoprofil og forvaltningshonoraret. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap.