Ørskog Sparebank er ein sjølvstendig og solid sparebank i Ørskog kommune. Banken blei stifta i 1857, og har i dag en forvaltningskapital på 2,3 milliardar kroner. Vi er 18 tilsette i moderne lokale i Sjøholt sentrum. Banken er aksjonær i EIKA Gruppa saman med 72 uavhengige sparebanker. Banken har ei sunn vekst og god utvikling, og vi treng fleire dyktige og motiverte tilsette:

Kunderådgjevar Daglegbank

Som kunderådgjevar er di hovudoppgåve å gi god kundeservice og behovsretta rådgjeving som skaper meirverdi for kunden og banken. Den vi søker vil få ansvar for sentralbordet, og jobbe med avtaleinngåingar, kundedokumentasjon, og betalingsoppdrag. Du vil ha mykje kontakt med bankens kundar, og bidra med meirsal av våre produkt innanfor forsikring, sparing og betalingsformidling.

Du er lærevillig, pliktoppfyllande, har stå-på-vilje, er serviceinnstilt, kommuniserer godt og liker at det skjer mykje på ein gang. Du forstår korleis du skal skape gode kundeopplevingar og korleis meirsal kan bidra til dette. Vi tilbyr gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling gjennom kurs og program gjennom EIKA Skulen, i tillegg til gode personalordningar. Løn etter kvalifikasjonar.

Nærmaste overordna er leiar kundeservice. 

Fleire opplysningar om stillingane får du ved å kontakte leiar kundeservice Heidi Vik Talberg på 911 42 002. Søknad og CV sendes pr. e-post til heidi@orskogsparebank.no innan 18.12.2016