Når du kjem til oss i banken for å søkje om bustadlån, er det hovudsakleg to ting vi ser på: Eigenkapital og beteningsevne. Men kva krav blir stilte, og kva må du gjere for å innfri dei? Her er ei kjapp innføring:

Krav til eigenkapital
For å dempe gjelds- og prisveksten i bustadmarknaden, har regjeringa sett eit krav om 15 prosent eigenkapital ved kjøp av bustad (20 prosent om du er over 34 år). Styresmaktene tillèt heller ikkje avdragsfritak på lån dersom lånet utgjer meir enn 60 prosent av bustadens verdi.

Vi kan fråvike kravet om eigenkapital om du har sikkerheit i annan eigedom, eller har ein kausjonist/medlåntakar til lånet. Slik kan til dømes foreldre hjelpe barna sine:

  • gi forskot på arv
  • private lån
  • ta tilleggssikkerheit i eigen bustad
  • stille som medlåntakarar

Krav til beteningsevne
Vi må også vurdere kor mykje økonomien din toler, til dømes om renta skulle stige.

For å berekne dette kan vi bruke eit budsjett som Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) har utarbeidd. Dersom desse utgiftene er høgare enn det du har igjen etter å ha betalt renter og avdrag, får du sannsynlegvis avslag på lånet.

Det er likevel mogeleg å gå nærare inn på faktiske inntekter og utgifter – og forventa utvikling i desse – for å vurdere om du likevel kan få lån. Du kan uansett ikkje få lån på meir enn fem gonger brutto årsinntekt.

Vi ser på siste års godkjende sjølvmelding og lønslippar for dei siste to månadane. I tillegg vil eventuelle ekstrainntekter og forventa inntektsutvikling telje positivt i lånesøknaden. Døme her kan vere at:

  • ein del av løna er bonusbasert
  • du står framfor ein lønsauke

Kva type utdanning du har kan også spele ei rolle. Er det svært sannsynleg med ein monaleg lønsauke i løpet av karrieren? Vi kan også sjå på tilhøve for utleige av rom/hybel og andre mogelege inntektskjelder.

Kor mykje kan du låne?
Med vår bustadlånskalkulator kan du sjekke kor mykje du kan låne, og kva lånet kjem til å koste deg. Kva som er gjennomsnittleg forbruk kan du finne på SIFOs heimesider.