Innhald

I statsbudsjettet for 2017 har regjeringa føreslått å innføre ein såkalt «aksjesparekonto» for privatpersonar. Det er venta at ordninga trer i kraft til sommaren. Eika er allereie i gang med produktutviklinga, og vil tilby aksjesparekonto til lokalbankskundane straks styresmaktene gir grønt lys.

Kva er ein aksjesparekonto?
Med ein aksjesparekonto kan du samle alle aksjefonda og dei børsnoterte aksjane dine på ein stad. På ein aksjesparekonto kan du byte mellom ulike aksjefond og aksjar utan å skatte av gevinsten. Det er først når du har teke ut meir pengar av aksjesparekontoen enn du har satt inn, at du må betale skatt.

Kvifor kjem aksjesparekonto nå?
Regjeringas formål er å gjere det enklare og meir gunstig for privatpersonar å spare i aksjar, for på den måten auke privatpersonars eigarskap i norsk næringsliv. Det gjer at nordmenn i større grad enn i dag kan delta i den verdiskapinga som skjer i norsk næringsliv.

Kva kan inngå i kontoen?
Aksjesparekontoen kan innehalde aksjefond og børsnoterte aksjar innan EU/EØS. Du kan altså ikkje bruke kontoen til å investere i ikkje-børsnoterte aksjar, rentefond og kombinasjonsfond.

Kva tyder dette for meg?
Innføringa av aksjesparekonto gjer det enklare for deg å spare i aksjar og fond – ein sparemetode som historisk sett gir høgare avkastning enn banksparing for dei som har lang horisont på sparinga si.

Eg sparar i fond frå før – bør eg flytte behaldninga over til ein aksjesparekonto?
Ja, du bør du flytte beholdninga over til ein aksjesparekonto i løpet av 2017. Dette fordi du i ein overgangsperiode som varer ut 2017 kan flytte alle aksje- og aksjefondsbehaldningar med urealiserte gevinstar over i aksjesparekontoen utan at flyttinga utløyser skatt.

Korleis blir skatt og frådrag utløyst?
Når du overfører aksjar /andelar til eller frå aksjesparekontoen blir det rekna som realisasjon og utløyser skatt eller frådrag. Unntaket er ein overgangsperiode som varer ut 2017, der du kan overføre aksjar og fond til aksjesparekontoen utan skattlegging.

Gevinst og tap blir rekna ut med utgangspunkt i marknadsverdien på overføringstidspunktet. Eventuelt utbyte på investeringane dine vil bli skattlagt løpande.

Når du har teke ut meir enn du har skote inn på kontoen, blir det overskytande skattlagt som aksjeinntekt med frådrag for skjerming og vil deretter bli oppjustert med ein faktor på 1,24. Aksjeinntekta blir så lagt til alminneleg inntekt som blir skattlagt med 24 %. For eksempel: Eit uttak på 100 kroner (etter skjerming) blir oppjustert 1,24 = 124 kroner. Dette blir deretter skattlagt med 24 %. Reell skattebelasting blir dermed 29,76 % (tala gjeld for 2017).

Når kan eg få aksjesparekonto?
Regjeringa vil sende ei forskrift ut på høyring i løpet av første kvartal 2017, og vi forventar at regelverket er klart før sommaren. Eika Kapitalforvaltning er allereie i gang med utviklinga av aksjesparekonto som vi kan tilby alle kundar.

Løsninga blir tilgjengeleg for alle privatkundar og skal mellom anna inkludere:

  • Konto for kontantar
  • Skatterapportering
  • Digital løysing på mobil og PC
  • Kjøp og sal digitalt