Ein rådgivar som kjenner deg

Vel du lokalbanken, får du personleg oppfølging frå ein rådgivar som kjenner deg. Rådgivaren kjenner både kundeforholdet ditt i banken og mennesket bak tala. Det gjer at du får ei nær og personleg rådgiving – tilpassa behova dine og livssituasjonen din.

Viktig støttespelar

Banken er den viktigaste støttespelaren din når du skal kjøpe bustad, og kan hjelpe deg gjennom heile prosessen. Hos lokalbanken er det ofte kortare veg mellom rådgivar og endeleg avgjerdsmakt – noko som kan gjere prosessen raskare og meir smidig enn hos større bankar.

Det er òg trygt og godt å vite at det berre er å stikke innom banken for ein prat og ein kaffikopp, og at du berre kan slå på tråden til rådgivaren din dersom du lurer på noko.

Hjelp til å setje opp ein økonomiplan

Rådgivaren i lokalbanken prøver alltid å finne gode, økonomiske løysingar for deg. Basert på ei heilskapleg vurdering av privatøkonomien din set rådgivaren opp ei låneramme og gir deg gjerne tips og råd om korleis du får ein sunn bustadøkonomi.

Hugs òg at du enkelt kan søkje om finansieringsbevis i banken eller sjekke lånekalkulatoren, som hjelper deg å finne ut kor mykje du kan låne, og kor mykje du kan forvente i renter og avdrag.

Har du spørsmål om bustadkjøp, eller ønskjer du å søkje om bustadlån?

Kontakt oss. Vi hjelper deg gjerne!