Jul
 
Siste frist for å betale rekningar før julaftan er fredag 21. desember. Rekningar som skal vere betalte på denne dagen må registrerast i nettbanken før klokka 14:00. Fyrste forfallsdato etter julaftan er torsdag 27. desember.
 
Nyttår 
 
Siste frist for å betale rekningar i 2018 er mandag 31. desember. Rekningar som skal vere betalte på denne dagen må registrerast før klokka 14:00. Fyrste forfallsdato etter nyttårsaftan er onsdag 2. januar.
 
For betalingar og overføringar til BSU-konto før 2010 må fristane over overhaldast, dette gjeld også mellom kontoar i same bank
 
 
Utanlandsbetaling
 
Siste frist for å betale til utland før jul er den 21. desember. 
 
Siste frist for å betale til utland i 2018 er den 31. desember kl. 09:00. 
 
Skal betaling vere motteken hos kunden sin bank før nyttår, bør betalinga gjerast seinast 28. desember.
 
Nokre unnatak for eksotiske valuta, så her er det lurt å vere tidleg ute. 


Generelt om betalingsfristar
 
Fristane er ikkje absolutte. Dersom tidspunkt for betalingsmottak er viktig, blir det tilrått at registreringa av betalinga er ferdig gjennomførde nokre minutt før dei ovanfor nemnde tidspunkta.
 
Overføring mellom eigne konti og betaling utan KID til andre kundar sin konto i same Eika-bank, vil gå umiddelbare dersom overføringa/betalinga blir lagd inn med forfall same dag.
 
Vipps kan nyttast til å betale som normalt gjennom heile jule- og nyttårsperioden.